Bane NOR er oppteken av brukarane sitt personvern og denne personvernerklæringa gjeld korleis vi samlar inn og bruker informasjon når brukarar registrerer seg på våre nettsider for å abonnere på nyheitsbrev og annan relevant informasjon på e-post og/eller SMS.
Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår (personopplysningsloven § 19), og generell informasjon om korleis vi brukar personopplysningar (personopplysningsloven § 18, 1.ledd).
Bane NOR SF
Botshaugtangen 94
2080 Eidsvoll
Kontakt oss: eidsvoll_utbygging@banenor.no
Via kontaktskjema på denne nettstaden samlar vi inn data som namn, e-postadresse, mobilnummer og om kva og korleis du ønskjer å få tilsendt informasjon. Vi ber om desse opplysningane for å kunne gi deg relevant informasjon.
Ved å bruke kontaktskjema på denne sida samtykkjer du i at vi lagrar dine data og at vi kan sende deg digital kommunikasjon. Vi tar ditt personvern på alvor, og vil aldri dele dine personopplysningar med tredjepartar. Du kan trekke tilbake alle samtykke når du sjølv måtte ønskje det.
Dersom du er ueinig i korleis vi brukar dine personopplysningar, kan du sende inn ein klage til Datatilsynet.
Vi deler ingen personopplysningar med tredjepartar.
I samsvar med personopplysningslovas § 28 skal opplysningar som ikkje lenger er nødvendig ut frå det formål dei er lagra for, slettast. Vi lagrar personopplysningar i samsvar med den lovgjeving som til ei kvar tid gjeld.
I samsvar med personopplysningslovas § 18 har du krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert. Innsyn kan du få ved skriftleg å vende deg til oss. Dersom dei registrerte opplysningane ikkje er rette, eller dei er ufullstendige, kan du krevje at desse blir retta i samsvar med personopplysningslovas § 27.
Vi kan gjere endringar i denne personvernerklæringa. Den nyaste versjon av erklæringa er alltid tilgjengeleg på vår nettside.
Personvernerklæringa er sist oppdatert: Desember 2019
Malen er inspirert av: https://e-postlister.no/personvernerklaering/